![]() |
![]() |
![]() |
![]() |
||
![]() |
![]() |
OM HODNE GARD
![]() Hodne Gard ligg idyllisk til med Otra og vakande fisk på den eine sida av våningshuset, medan elg og rådyr koser seg med økologisk gras, av beste slag, på baksida av låven. Les omtale i adressa.no ![]() Heilt sør i Evje & Hornnes kommune, eit par kilometer nord for fylkesgrensa, ligg Hodne Gard. I utgangspunktet eit tradisjonellt gardsbruk med dyr på båsen og hogstmoden skog i overkomeleg avstand frå bilveg. Her bur Søren og Ingebjørg Hodne. Borna har vorte vaksne, og som dei fleste jamnaldringer har dei reist frå bygda for å skaffe seg utdanning og livsrøyndom i meir urbane strok. Hodne Gard er ein av to partar i det som har fått namnet ”Hodne og Klepp samdrift.” På båsen stend det til ei kvar omlag 40 dyr, og heile gardsdrifta er tufta på økoligsk drift – og økologiske retningsliner. Både Søren og Ingebjørg såg tidleg at
dette var den rette vegen å gå. Økologisk mat og
økologiske råvarer er i skotet som aldri før, og på
Hodne er det langt mellom kunstgjødsel-sekker og
plastkanner med giftig sprøytemiddel.
Her er det naturens eige økosystem som gjeld. |
![]() |
![]() |
|
![]() |
![]() |
||||
![]() |
![]() |
||||
![]() |
|||||
![]() |
![]() |
||||