NYTT LIV PÅ LÅVEN
”Nettverks Kredit” er ei samanslutning under
paraplyorganisasjonen Inovasjon Norge,
og er eit prosjket som skal stimulere kvinnene
på landsbygda til å skape sin eigen arbeids-
plass.
Fru Ingebjørg er ein del av dette nettverket,
og på kort tid har ho kome langt i prosessen
med å skape sin eigen arbeidsplass.
Med råvarer frå fjoset har ho starta opp
produksjon av eit eige smør, med det klingande
merkenamnet ”Søren så godt”
Smøret vert produsert på meieriet på
Byglandsfjord og vert seld over heile Sørlandet
til både butikkar og restaurantar.
På låven, som tidlegare var lagringsplass for
gamle reidskap, høyballar og tradisjonellt skrot
frå kvardagen, har Ingebjørg no innreda eit
sjeldant og uvanleg selskapslokale.

Kvar dag i fellesferien serverte ho økologisk
frukost på låven, og mange stakk innom for
eit litt annleis måltid.
Rykta spreidde seg raskt, og både bygdefolk
og turistar fann vegen opp låvebrua på
Hodne Gard.
Dei siste åra har det vorte skipa til
jolemesse i dei same lokala. Lokale kunstnarar stiller villig
opp på låven der det vert servert både småkaker
og jolegløgg. Eit svært populært arrangement
som samlar fullt hus kvart einaste år.
Alt neste sumar er det planar om å få plass ein
steinbakarovn slik at ho kvar einaste helg, året rundt, kan sele ferskt brød til både sambygdinger og vegfarande.
Dette vil truleg verte eit spanande tilbod til m.a. ”byfolk” på veg mot hytteparadiset på Hovden. Steinbakt brød med ein solid posjon ”Søren så godt” kan nok måle seg med det aller meste av gastronomiske høgdepunkt.
Lapper eller ferskt, økologisk brød...
Råvarene har kort veg frå produksjon til serveringsklar mat på låven til Søren og Ingebjørg Hodne. Eit restaurantbord, i litt andre omgjevnader enn det du finn på Aker Brygge. Dette er truleg ein av årskane til at dette på for ”gardkjerringa ” på Hodne gard. Resepten er pågangsmot, nytenkjing og optimisme – og resultatet vert ” Søren så godt.”